Norsk filminstitutt lanserte i dag ein handlingsplan for inkludering og representativitet i norsk film og filmkultur. Handlingsplanen skal bidra til å heve kvaliteten, auke relevansen og styrke berekrafta for norsk film i framtida gjennom auka mangfald i alle ledd.

Lars Løge, Sindre Guldvog og Live Nermoen (prosjektleiar) presenterte handlingsplanen under opninga til TIFF 2019.

Kjønnsbalanse og brei representasjon er overordna viktig i eit demokrati- og ytringsperspektiv. Dette gjeld heile verdikjeda, frå kven som skapar historiene, kven dei handlar om og kven som ser dei. Norsk filmkultur må vere i stand til å omstille og fornye seg etter som samfunnet vi er ein del av endrar seg.

Vi ønsker å være en pådriver i dette arbeidet, seier Sindre Guldvog, direktør i Norsk filminstitutt (NFI).

NFI vil arbeide for å inkludere nye stemmer og bryte vante mønster, fordi vi mener det vil heve kvaliteten, øke relevansen og styrke bærekraften for norsk film i framtida. Vi håper også handlingsplanen vil føre til mer bevisstgjøring i bransjen, seier Guldvog.

Handlingsplanen inneheld tiltak retta mot heile filmbransjen gjennom NFIs utadretta verksemd og tiltak retta mot NFIs daglege arbeid og organisering. Handlingsplanen skal gjelde for fem år fram i tid, med evaluering og justering undervegs.

Dette er tiltaka som NFI vil gjennomføre:

Ni tiltak for større mangfald i norsk film og filmkultur

  1. Innføring av relevanstest for alle som søkjer om tilskot til produksjon, lansering og formidling av film.
  2. Innføring av mangfald som prioriteringskriterium i alle NFIs tilskotsordningar (unntatt automatiske ordningar).
  3. Oppretthalde moderat kjønnskvotering.
  4. Innføre obligatorisk rapportering om relevans frå produsentar som får utviklingstilskot frå NFI.
  5. Tilbod om relevansverkstad for produsentar som skal søkje om tilskot til produksjon etter marknadsvurdering.
  6. Innføring av eit utviklingsprogram for filmskaparar (UP 2.0) som tilhøyrer underrepresenterte grupper.
  7. Utarbeiding av betre kunnskapsgrunnlag om mangfald og publikumsutvikling.
  8. Inngå samarbeid med de regionale filmverksemdene, Samisk filminstitutt og Talent Norge om ein felles strategi for talentutvikling og rekruttering av underrepresenterte grupper.
  9. Arrangere kurs og seminar om ubevisst diskriminering og andre problemstillingar knytte til mangfald, relevans, inkludering og representativitet.

 

Fire tiltak for NFIs daglege arbeid

  1. Innføre diversitetsstandardar ved val av tenesteleverandørar, kurs- og foredragshaldarar, innleiarar, og ved programmering på Cinemateket.
  2. Arrangere kurs og seminar for eigne medarbeidarar om ubevisst diskriminering og andre problemstillingar knytte til mangfald, relevans, diversitet og representativitet.
  3. Utarbeide ein ny rekrutteringsstrategi for utvikling av arbeidsstokken i NFI.
  4. Rutinar for varsling og førebygging av trakassering

Handlingsplanen vart lagt fram under åpningskonferansen på Tromsø Internasjonale filmfestival i dag, og vart godt mottatt av panelet som diskuterte han etterpå (filmskapar Iram Haq, produsent Thomas Robsahm og direktør for Internasjonalt Samisk Filminstitutt, Anne Lajla Utsi).

Her finn du lenke til heile handlingsplanen Relevans. Publikum. Berekraft.

  • Nina Cecilie Bull
    • Nina Cecilie Bull

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Formidling
    • Telefon: +47 22 47 45 42
    • Mobil: +47 920 36 366
    • E-post: nina.cecilie.bull@nfi.no
  • Live Nermoen
    • Live Nermoen

    • Seksjonsleder
    • Innsikt
    • Telefon: +47 22 47 46 35
    • Mobil: +47 412 25 076
    • E-post: live.nermoen@nfi.no