Norsk filminstitutt

I ljos av den noverande pandemi-situasjonen, går det no ut råd til alle borgarar i Noreg om å avstå frå reiser som ikkje er strengt nødvendige til andre land. Det gjeld då og for reiser finansiert av Norsk filminstitutt.

Norsk filminstitutt er uroa over den vanskelege situasjonen mange kulturutøvarar står i grunna korona-pandemien. Dei kulturelle og kreative næringane er hardt råka av følgjene av den pågåande koronapandemien, og moglegheitene til samproduksjon er avgrensa gitt reisehemmingar og strenge koronatiltak i ulike land.

Det er viktig å halde på internasjonale nettverk, sikre kompetansen i Noreg og å planlegge langsiktig. Men ein må ta omsyn.

Reiseråda lyd på noverande tidspunkt: «Utenriksdepartementet fraråder reiser som ikke er strengt nødvendige til alle land.»

Der er berre unntak for nokre områder i Norden. Av dette følgjer at mottakar av tilskot frå NFI sjølv skal vurdere om deira reise er strengt nødvendig.

Utanriksdepartementet har i den ekstraordinære situasjonen koronapandemien leier til, oppretta helserelaterte reiseråd, mellom anna grunna smittefaren ved reiser til utlandet. UD sine reiseråd er eit tydeleg signal om korleis norske styresmakter vurderer smittesituasjonen. Men dei er samtidig råd, ikkje forbod. Alle som vurderer å reise til utlandet, må vurdere om reisa er strengt nødvendig, og sette seg inn i situasjonen i det landet dei skal reise til. Det betyr at departementet legg til grunn at tilskotsmottakarar følgjer dei gjeldande reiseråda, samt forheld seg til smittevernreglane, inkludert karantenereglane ved innreise til Noreg, skulle dei sjølve vurdere si reise som strengt nødvendig. 

  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg@nfi.no