Vi møter  ein reindriftssame som blir tvinga til å ta eit oppgjer med folka som stel reinen hans – for å selje den som kortreist økomat på ein fancy restaurant. I same aksjon oppdagar han at den vakre nabokvinna  blir seksuelt utnytta i et fetisjstisk maskespel på restaurantens bakrom. Det blir både blodig og brutalt. Dette er ein grovskåren, overstadig og hemningslaus samfunnskommentar der få går fri. Tungt influert av Phil Mulloy og Terry Gilliam; ikkje subtilt, men "in your face" og med eit godt over middels stort glimt i auget.

Regissør

Regissør og manusforfattar Robin Jensen (f. 1978) har studert både animasjonsfilm og dokumentar- og fjernsynsreportasje ved Høgskulen i Volda samt visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han har jobba som animatør og regissert ei rekkje dokumentarfilmar og kortfilmar, mellom andre animasjonskortfilmane Jule-Nilssen (saman med Mats Grorud, 2010) og The Final Frontier (2014) samt fiksjonsfilmane Exit (2011) og Omplassering (2014).

Om prosjektet

Produsent
Tonje Skar Reiersen og Lise Fearnley
Produksjonsselskap
Mikrofilm AS
Regissør
Robin Jensen
Manusforfatter
Robin Jensen

Tildelinger

Ordning:
Utvikling og produksjon av kortfilm etter konsulentvurdering
Fase:
Produksjon
Dato:
09.01.2018
Tilskudd gitt:
250.000 kroner
Totalbudsjett:
797.576 kroner
Konsulentvurdering:
Ved hjelp av god, gammadags cut out teknikk på glasbord, i spedd utstrekt bruk av kjøtt, blod, maling og gørr, samt ein dæsj pixilasjon, rører regissør og manusforfattar Robin Jensen her saman eit rølpete, smaklaust og overstadig epos som i all sin gru, og med dagens politiske polarisering, #metoo-opprør og generell samtidsangst som bakteppe, blir ein aktuell og presis samfunnskommentar som røskar opp litt i vår gode smak og danning. Eller som Robin Jensen sjølv formulerer det; ein kjapp rak høgre midt i trynet. Gled dykk!
Konsulent:
Ståle Stein Berg
Ordning:
Utvikling og produksjon av kortfilm etter konsulentvurdering
Fase:
Utvikling
Dato:
04.02.2015
Tilskudd gitt:
80.000 kroner
Konsulent:
Lars Gudmestad
Ordning:
Lansering i utlandet
Arena:
Fantastic Fest 2019
Dato:
09.10.2019
Tilskudd gitt:
20.000 kroner
Ordning:
Lansering i utlandet
Arena:
Sundance 2020
Dato:
10.12.2019
Tilskudd gitt:
44.460 kroner